Vitum prosjekterer og installerer oppvarming-, vatn- og avløpssystem for alle typar bygg og industriar.

Ein grundig røyr-infrastruktur reduserer ikkje berre installasjonstid og materiellkostnader, dei gir også store miljøgevinstar.  Vitum sine røyrleggarteam er sentralgodkjent for tiltaksklasse 3 og har blått kompetansebevis for sprinklar og brannvern. Vitum har også godkjent gassteknikar og  alle nødvendige våtromssertifikat. Vitum kan tilby materiell frå produsentar og grossistar til konkurransedyktige prisar.

Brændes Rørleggerforretning er Vitum si partnarbedrift innan røyrleggarfag. Bedrifta held til i Volda sentrum og har gjennom 60 år sikra seg ein verdifull kombinasjon av kunnskap og erfaring innan alle typar vatn- og avløpssystem. Brændes Rørleggerforretning løyser oppdrag innan privat og offentleg sektor, i tillegg til private heimar.


TENESTER

  • Varme
    Installasjon og vedlikehald av vassboren golvvarme, radiatorar, varmepumpe og fjernvarme
  • Sanitær
    Montering og vedlikehald av røyr og sanitærutstyr til alle våtrom, toalettrom, vaskerom, kjøkken

  • Sprinklar og sprinkelanlegg
    Installasjon og vedlikehald  i både små og store anlegg
     
  • Kjøling
    Installasjon og vedlikehald av kjøleanlegg
  • Gass
    Vi leverer, installerer og vedlikeheld alt innan gass
  • Trykkluft
    Levering, installasjon og vedlikehald av alt innan trykkluft

  • Røyrtining
    Om røyra frys, tinar vi dei opp igjen

  • Røyrinspeksjon
    Med moderne teknologi sikrar vi at vatn- og avløpssystem verkar som dei skal